Domeneframside-test

@Skaflestad.no

[Hovedside] [Nyheiter] [@skaflestad.no] [Slekttre] [Bilete/historie]

Domenenamnet Skaflestad.no har som mål å bli ein møteplass på Internett, for alle som heiter Skaflestad eller på annan måte har røter frå garden Skaflestad i Naustdal i Sogn og Fjordane. Dette gjeld alle som har dette namnet ein eller annan stad i slektstavla si, ettersom gardsnamnet Skaflestad ikkje fins andres stadar i landet.

Frå historiske kjelder kjenner ein namnet Skaflestad tilbake til 1300-talet, og i dag er etterkommarar av bebuarar på garden, spreidd over heile landet, og ikkje minst i Amerika.

Vi håpar denne sida kan utvikle seg til ein ressurs for å halde kontakt og spreie store og små nyhende. Vi håpar mange vil ta sida i bruk og at de er aktive med å gje tilbakemelding om kva de meinar om denne tenesten, og kjem med framlegg om forbetringar og nye funksjonar.
Send gjerne ein e-mail , eller fyll ut nedanforståande skjema for å sende ei tilbakemelding.
Med helsing

Kjell Skaflestad

Melding til Kjell Skaflestad: (fritekst)


Ny e-mailadresse?

Har du etternamn Skaflestad? Eller kunne du tenkt deg å ha etternamnet Skaflestad?
No kan alle som ynskjer det få e-mailadresser på forma:
brukarnamn@skaflestad.no


for meir informasjon.


Skaflestad Slektstemne 2001

Sommaren 2001 samlast meir enn 200 etterkommarar etter Oliver og Helle Sofie Skaflestad seg til slektstemne på Skaflestad og Instedalen skule. I samband med slektstemne vart det gjort ei registrering av alle etterkommarane etter Oliver og Helle Sofie. Tilsaman er 416 personar registrerte. Meir enn 200 av desse var til stades på Skaflestad 30. juni 2001. Heile databasen er lagt ut på Internett.


for Skaflestad-slekttavle

Bilete og slektshistorie

I samband med slektstemnet vart det og samla inn ei rekkje biletes som er systematisert og lagt ut på nettet av Nils Petter Fredheim. Slektskriftet som Rune Bruflot skreiv til stemna, er og lagt ut på nettet.


for bilete og slektshistorie.

Skaflestad-linkar:

Her tek vi sikte på å få til ein samling av aktuelle linkar til e-postadresser, heimesider og andre ressursar på internett, og håpar på god medverknad frå alle til å melde inn aktuelle adressar. Skriv inn i felta nedanfor og klikk "send"-knappen, så vil lista bli oppdatert i løpet av eit døgn. Namn:

E-mail:

Heimeside:

E-post adressar:

Reidun Skaflestad
Kjell Skaflestad
Astrid Skaflestad
Odd Arild Skaflestad
Elin Skaflestad
Geir Skaflestad
Britt Marie Skaflestad
Howard Oliver



Heimesider:

Kjell Skaflestad
Odd Arild Skaflestad

(c) 2001 Kjell Skaflestad, Espeland, 6817 Naustdal